Vi er ferdig med september, og har hatt nydelege dagar den siste veka. Det har vore full aktivitet i alle friminutt, og uteskulen vart særleg fin med ein nydeleg dag i skogen. Elevane var opptatte med kjekke aktivitetar; nokre laga bondegard, andre laga kunstbilete av materiale dei fann i skogen, og alle hadde seg ein tur i taubana. Fredag var førsteklassen ute og tok opp potetene dei hadde sett ned i vår då dei gjekk i barnehgen. Det vart ei bra avling i det fine " potetveret".


Sist oppdatert: 04.10.2010