Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Skular på Radøy / Austebygd skule / 1.-4. årstrinn / Brannvernundervisning på 1. årstrinn
BrannvernundervisningFredag 18.september var Leif Atle Træland på besøk hjå 1.årstrinn. Leif Atle hadde i undervisninga fokus på eld, røyk og varsling, samt at alle kjem seg trygt ut av bygningen. Elevane var svært engasjerte og viste stor kunnskap om brannvern.

Når undervisninga var ferdig, fekk elevane refleks, diplom og branncaps, noko dei sette stor pris på. Elevane fekk også eit arbeidshefte som dei kan arbeida i.

Leif Atle kjem frå NGIB - (Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggande avdeling) som vart etablert hausten 2000. NGIB er eit samarbeidsprosjekt mellom Gulen, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Modalen, Masfjorden, og Solund. Avdelinga har som arbeidsoppgåve å utføra tilsyn med slike objekt som skulen og barnehagen. Dei skal også driva med informasjon og motivasjon. Det er eit mål å besøkja alle på 1. og 6. årstrinn samt barnehagane i kommunane.

Her kan du lesa meir om brannvern www.brannvernforeningen.no

Sist oppdatert: 01.10.2009
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Austebygd skule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Besøksadresse:
Slettevegen 870

Tlf:   56 37 20 46
Fax: 56 37 22 40
E-post til skulen

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no