
Fredag 22.oktober var Leif Atle Træland på besøk hjå 1.årstrinn. Leif Atle hadde i undervisninga fokus på eld, røyk og varsling, samt at alle kjem seg trygt ut av bygningen. Elevane var svært engasjerte.
Når undervisninga var ferdig, fekk elevane diplom og branncaps, noko dei sette stor pris på.
Leif Atle kjem frå NGIB - (Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggande avdeling) som vart etablert hausten 2000. NGIB er eit samarbeidsprosjekt mellom Gulen, Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Modalen, Masfjorden, og Solund. Avdelinga har som arbeidsoppgåve å utføra tilsyn med slike objekt som skulen og barnehagen. Dei skal også driva med informasjon og motivasjon. Det er eit mål å besøkja alle på 1. og 6. årstrinn samt barnehagane i kommunane.
Her kan du lesa meir om brannvern www.brannvernforeningen.no
Sist oppdatert: 25.10.2010