I ein månad har elevar og lærarar på 1.-4. trinn levd seg inn i bronse-lderen. Dette har vore eit tema som me har arbeidd mykje med, og elevane har vist stor interesse og engasjement for å læra mest mogeleg.
Å få vita korleis våre forfedrar levde for mange tusen år sidan, er spennande i seg sjølv. Her gjaldt det å leva seg så godt ein kunne inn i bronsealderfolka sine måtar å leva på. Klede, mat, reiskapar og buplassar prøvde me å få så likt som mogeleg. Heldigvis hadde me mykje dyreskinn til å kle oss ut med. Me skulle og ut og steikja hellekaker på bål, men veret gjorde at det vart innekaker.
Me har laga store, fargerike bilete av dagleglivet i bronsealderen. Reiskapar, smykke og spenne har me laga så godt me kunne. Her har foreldra vore med og hjelpt til. Me har til og med fått ein sann kopi av eit langhus som viser på ein svært fin måte korleis livet verkeleg var.
Alt arbeidet om bronsealderen munna ut i ei stor foreldre-/elevfest. Då var omlag 80-90 personar med stort og smått samla i gymsalen. Her vart bronsealderen presentert på ulike måtar. Gjennom powerpoint såg ein bilete og tekst om bronsealderen. Kvar basisgruppa viste så fram sine skodespel. Då var dei bronsealderfolk så godt ein kunne. Programmet vart bunde saman med nokre gamle gode songar. Foreldra hadde ansvar for mat og servering. Me trur alle som var der kosa seg.
Sist oppdatert: 11.09.2009