Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Velkomen til Radøy ungdomsskule sine heimesider.

Radøy har ein ungdomsskule, og den ligg på Manger. Vi er næraste nabo til Radøyhallen og Grønålen fotballbane. Skulen stod ferdig hausten 1982, og er godt tilrettelagt for rullestolbrukarar. Våren 2007 vart eit nytt og velfungerande friskluftanlegg ferdig og ila hausten 2011 skal alle vindaugene på heile skulen skiftast ut. Sentralt i bygningen ligg Radøy folkeboksamling, som elevane våre kan nytte i skuletida.

Skulen ligg i eit planlagd nærmiljøområde mellom Nesvatnet og Manger Senter. Nærmiljøområdet skal ferdigstillast i tre etappar, og stå ferdig med badestrand, sandvolleyballbane, turstiar, kvilebenkar, tennisbane, ballbingar, rullebrettområde, kvernhus, kai, båtar og naust. Første etappe ved Nesvatnet - med badestrand, sandvolleyballbane, kai og kvernhus er ferdig.

Skulen har tre klassar på kvart klassesteg, og 213 elevar pr. august 2011.

 

Sist oppdatert: 31.08.2011
Kontakt oss

Postadresse:
Radøy kommune
Radøy ungdomsskule
Radøyvegen 1690
5936 Manger

Tlf.  56 349100
Fax: 56 349115
E-post til Radøy ungdomsskule

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no