Radøy ungdomsskule har knytt til seg eit tverretatleg helseteam. Helseteamet har møte ein gong kvar månad til faste tider. Inneverande skuleår er onsdag møtedag, og tidspunkt er frå kl. 12.30 til 14.00. Tilbodet kan nyttast av foreldre, elevar, lærarar eller grupper av desse. Dei som har brukt helseteamet, har ønskt å ta opp utfordringar som dei står overfor som foreldre eller som ungdom. Dersom du ønskjer å bruke helseteamet, kan du ta kontakt med rektor, som er leiar av helseteamet.
Informasjonsbrosjyre
Alarmtelefon for barn og unge
Sist oppdatert: 03.06.2011