Solidaritetsaksjonen 2010
Fredag 22. oktober hadde Manger skule sin årlige solidaritetsdag. Inntekta gjekk til årets tv-aksjon Flyktninghjelpen.
Vi starta kl 10.00 med turmarsj i nærområdet, det var også med ein del foreldre, besteforeldre og småsysken. Etterpå var det kafe ved 7. klasse i gymsalen. Foreldre til elevane i 4. og 5. klasse hadde laga mange gode boller og kaker. Ute på skuleplassen hadde elevrådet ulike aktivitetar som elevane kunne delta på, potetløp, pilkasting, kast på bokser og erteposekasting i bøtter. Vi avslutta i gymsalen med trekking av gevinster på startnummer - fellessong.
Me takkar Rema 1000 Manger for sponsing av brusen og SPV Manger for gevinster til utlodninga. Vi fekk inn kr. 12240,- som vart sende til tv-aksjonen
Sist oppdatert: 01.11.2010