| På måndag denne veka byrja 4.klasse med klasselesekurs. Her er nokre av elevane i klassen etter ei leseøkt på 15 minuttar, noko dei har kvar dag. På lange dagar(6t) les dei i ein halv time dagleg. Torbjørg og Kirsti har lånt mange bøker på folkebiblioteket som elevane kan velgja i. Nokon les lange, spennane bøker som tek lang tid. Andre les mange, kortare bøker. Elevane jobbar godt og likar å ha lesekurs, for dei får høra så mange kjekke historiar.
Sist oppdatert: 12.03.2010