Hordabø skule er ein skule som stod ferdig i 2001. Vi har stor gymsal, eit flott uteområde og gode arbeidsplassar til både elevar og tilsette. I skuleåret 2011/2012 er vi 109 elevar og omlag 20 tilsette ved skulen.
Skulen er ein «Zero-skule». Det vil seia at vi nyttar antimobbeprogrammet «Zero», og at vi har nulltoleranse for mobbing. Alle skal oppleva at det er trygt å gå på Hordabø skule.
Vi satsar og mykje på IKT. Alle lærarane har kvar si bærbare datamaskin og vi har eit godt utstyrt datarom og klassesett med bærbare datamaskiner.
Våren 2007 opna første trinn av skulen sitt flotte leikeområde. Leikeområde er utvikla med tanke på at elevane skal få mest mogeleg opplevingar og læring gjennom leik og fysisk aktivitet.
Skuletider og opningstider for SFO.
Postadresse: Radøy kommuneHordabø skuleRadøyvegen 16905936 MangerBesøksadresse: Nordbøvegen 1Tlf: 56 34 62 70