Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Lover og føresegner / Spesialundervisning i grunnskulen

Beskrivelse

Elevar som ikkje har eller ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Målgruppe

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Vilkår

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei spesielle behova som eleven har. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som eleven bør få.

Samarbeidspartnere

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Veiledning

Eleven eller foreldra / dei føresette til eleven kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva for opplæring eleven treng.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket bir halde ved lag, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no