Elevar i grunnskulen har rett til å gå på den skulen som dei høyrer til. Skulen/kommunen vil sende brev til føresette med born som er opplæringspliktig. I brevet blir det opplyst om kor ein skal møte og til kva tidspunkt, og informert om kva rettar opplæringslova gir i denne samanhengen. Etter søknad kan eleven takast inn ved ein annan skule enn han/ho høyrer til. Det er opp til kommunen å avgjere om elevar skal få innvilga søknad om skulebytte.
Elevar i grunnskulen
Kva skule eleven høyrer til, blir avgjort etter ei konkret vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men ho skal også ta omsyn til andre relevante forhold, for eksempel om sysken er plasserte på den samme skulen, kapasiteten på skulane og om skulevegen er farleg.
Kommunen (eller rektor dersom retten til å gjere vedtak er delegert) gjer vedtak om kva skule eleven høyrer til. Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om at barnet ditt blir tatt opp i ein annan skule enn den barnet høyrer til.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Du kan klage både på vedtak om kva skule eleven høyrer til, og på vedtak om skulebytte til annan skule. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til Fylkesmannen.
I Radøy kommune er det rådmannen som avgjer søknaden om å gå på annan skule enn nærskulen.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223