Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Lover og føresegner / Permisjon frå grunnskuleopplæring

Beskrivelse

Opplæringslova omhandlar to ulike typar permisjonstilfelle:

  • Når det er forsvarleg, kan ein elev få permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker.
  • Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar når foreldra sørgjer for nødvendig opplæring i permisjonstida.

Målgruppe

  • Alle elevar som søkjer permisjon frå opplæringa
  • Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og deira pårørande

Vilkår

  • Skulen vil vurdere om permisjonen er forsvarleg. Det er ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker.
  • Foreldra til elevar som har rett til permisjon fordi trudomssamfunnet dei tilhøyrer har helgedagar, må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no