Kunnskapsdepartementet har utarbeidd ei fag- og timefordeling som viser kor mange timar kvart fag skal ha på dei ulike skoletrinna, og kva fagkombinasjonar som er moglege. Dette er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet – ei reform for skuleverket som starta i 2006. Skuleeigar er forplikta til å dokumentere at skulen følgjer fag- og timefordelinga. Skulen skal prioritere at eleven utviklar grunnleggjande ferdigheiter i å:
Desse ferdigheitene er integrerte i læreplanane for dei ulike faga. Læreplanane har tydelege mål for kva eleven skal meistre på dei ulike trinna. Dersom eleven ikkje har nok utbytte av den vanlege undervisninga, har ho eller han rett til spesialundervisning.
Du kan vende deg til Fylkesmannen, som har ansvaret for å føre tilsyn etter opplæringslova, dersom du meiner at skulen ikkje gir opplæring i samsvar med Kunnskapsløftet.
Det er Fylkesmannen som har ansvaret for å føre tilsyn med at skuleeigar oppfyller krava i opplæringslova med forskrift, og at opplæringa skjer i samsvar med Kunnskapsløftet. Fylkesmannen kan gi skuleeigaren pålegg om å rette opp eventuelle avvik.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223