Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Lover og føresegner / Karakterar - rett til å klage

Beskrivelse

Det kan klagast over alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve, realkompetansevurdering og karakter i orden og framferd. Den som har klagerett, kan krevje grunngiving. Ved skriftleg eksamen kan eleven be om å få kopi av eksamenssvara sine når karakteren er fastsett, men ein kan ikkje krevje at karakteren blir grunngjeven.

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse har gjeve skriftleg fullmakt
  • Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett

Vilkår

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

Veiledning

Klagen må vere skriftleg. Han må vere underskriven av klagaren eller eventuelt av den som har fullmakt. Klagen skal føre opp det vedtaket det blir klaga på. Klagen bør vere grunngjeven. Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen er det ikkje nødvendig å grunngje klagen.

Søknadsfrist

Klagefristar: Frist for å klage på vedtak som gjeld eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar.Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva og realkompetansevurdering er tre veker. Krav om grunngjeving må vere sett fram innafor klagefristen.

Saksbehandling

Skulen/klageinstansen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Resultatet av klagebehandlinga: Behandling av klage over karakterar kan føre til at karakteren blir ståande, eller at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. For munnleg eksamen spesielt: Får klagaren medhald, skal karakteren anullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no