Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Lover og føresegner / Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Beskrivelse

I dei fleste grunnskular går det born som bur saman med berre den eine av foreldra. Det betyr at skulane må ta omsyn til begge heimane når det gjeld informasjon.

  • Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skolegang.
  • Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side.

Målgruppe

Ikkje-sambuande foreldre med born i grunnskulen.

Vilkår

Du er forelder med barn i grunnskulen og bur ikkje saman med den andre forelderen.

Veiledning

Når du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skulen og be om å få informasjon direkte. Skulen pliktar å imøtekomme det. Dersom de som foreldre har felles foreldreansvar, treng du ikkje kontakte skulen kvar gong du ønskjer informasjon. Det er tilstrekkeleg at du heilt generelt ber om å få informasjonen. Dersom skulen ikkje får noka oppmoding om å gje slik informasjon, treng skulen heller ikkje gi det på eige initiativ.

Klage

Avslag på krav om informasjon kan det klagast på til Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no