Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Beskrivelse

Heimeundervisning tyder at foreldra underviser eigne barn sjølve. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikke er tilfredstilte, skal kommunen krejve at barnet byrjar i skule.

Målgruppe

Foreldre til elevar i grunnskulen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.

Vilkår

Det blir ikkje kravd formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skuleverksemd. Om ein underviser barna til andre, er det skuleverksemd som må godkjennast av departementet.

Pris

Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Veiledning

Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no