Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skule og utdanning / Lover og føresegner / Elevar - det fysiske arbeidsmiljøet

Beskrivelse

Alle elevar i skulen har rett til eit godt fysisk miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det fysiske innemiljøet omfattar faktorar som luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet femner m.a. om lokalisering, utforming av leikeareal, leikeapparat. Skulen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det fysiske miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga

Veiledning

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det fysiske miljøet.

Saksbehandling

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klage

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skulen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no