Ved kvar skule skal det vere samarbeidsutval (grunnskulen), skuleutval (den vidaregåande skulen), elevråd (begge skuleslaga), skulemiljøutval (begge skuleslaga) og foreldreråd (grunnskulen).
Råda og utvala i skulen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skulen. Å arbeide for skulemiljøet vil vere ei sentral oppgåve for alle organa.
Alle utvala og råda skal til ei kvar tid vere orienterte om alle forholda som er vesentlege for skulemiljøet. Dei nemnde organa har på førespurnad rett til å få lagt fram dokumentasjon om det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skulen. Dei skal så tidleg som råd takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltaka.
Dersom skulen blir klar over forhold ved skulemiljøet som kan ha negativ innverknad for elevane si helse, skal alle elevane og dei føresette snarast mogleg bli varsla om det.