Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt; det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Som hovudregel skal det brukast komprimerte løp. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med born og unge.
Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring.
Du må vere over opplæringspliktig alder og ha behov for grunnskuleopplæring. Ungdom som har fullført grunnskulen (og som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1) har ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne.
Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om grunnskuleopplæring for vaksne.
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må det offentlege ha rimeleg tid til å planleggje, leggje til rette og setje i verk tilbodet. Dette inneber at søkjarane, etter tilhøva, må akseptere at det kan ta ei viss tid før eit tilbod blir etablert.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka gå vidare til Fylkesmannen for klagebehandling.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223