Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skatt og økonomi / Restskatt - betaling og innkrevjing

Beskrivelse

Restskatt oppstår fordi det er betalt for lite skatt før likning. Han må betalast sjølv om likninga blir klaga på. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Det er òg høve til å bruke elektronisk betaling med bruk av KID. KID-nummeret står nede til venstre på den tilsende giroen. KID-nummer kan du òg få ved å vende deg til skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no. Forfall kjem tydeleg fram på giroen. 

Ved utelaten betaling påløper forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje betalast frivillig, vil skatteoppkrevjaren iverksetje tvangsinnfordring og kostnader kan påløpe etter rettsgebyrlova.

Dersom skattytaren er usamd i likninga, sendast klage til skattekontoret. Fristen for klage på likninga er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagt ut. Når skattytaren har levert sjølvmelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, skal klage over likninga leverast innen 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

Målgruppe

Personar som har fått restskatt ved skatteoppgjeret

Samarbeidspartnere

Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blir samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.

Skattekontoret fastset grunnlaget for kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/kommunekasserar) handterer innbetalingar og iverkset innkrevjing.

Annet

Kontakt oss
Nordhordland kemnerkontor
Kvassnesvegen 44
5903 Isdalstø

Tlf: 56 37 50 28
Fax: 56 37 50 29
E-post: post@nhkemner.no

Brosjyrer og dokumenter

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no