Beskrivelse
Som hovudregel skal ein betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.
Målgruppe
Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.
Vilkår
Det må vere gjort likning, og det må vere eitt eller fleire konkrete forhold som gjev grunn til å få ettergitt skattekravet. Det kan vere uforutsette og alvorlege hendingar som for eksempel dødsfall, særleg alvorleg eller langvarig sjukdom eller varig invaliditet.
Samarbeidspartnere
Skattekontoret, skatteoppkrevjaren (kemnar/kommunekasserar), Skatteetaten
Veiledning
Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Han skal innehalde
- namn
- stilling
- sivilstand
- inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
- talet på forsørga og alderen deira
- opplysning om skatten er basert på sjølvmelding eller skjønnslikning
- kva for krav som blir søkt ettergjeve
- dokumentasjon på eventuell sjukdom
- oppgåve over faste utgifter
- grunngjeving for søknaden
Alle opplysningane bør vere dokumenterte.
Vedlegg
Kopi av sjølvmelding for dei siste to åra, eventuelt siste likning.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld beløp over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forsinkelsesrentar inntil kr 50 000.
Klage
Det er ingen tilgang til å klage over vedtak gjort av skatteutvalet. For vedtak gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningsloven. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.