Beskrivelse
Eigedomsskatt blir lagt på eigedommar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som bestemmer om det skal innførast eiendomsskatt. Eigedomsskatten kan setjast ned eller ettergjevast dersom det har kome til forhold som vil gjere det svært urimeleg å krevje inn eigedomsskatten. Skatten kan setjast ned heilt eller delvis.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt
Vilkår
Nedsetjing eller ettergjeving av eigedomsskatt kan skje dersom det har kome til forhold som gjer det særleg urimeleg å halde fast ved skatten heilt eller delvis. Eksempel på forhold som kan gjere det særleg urimeleg, er sjukdom, brann eller naturkatastrofar. Skattytaren har ikkje krav på nedsetjing eller ettergjeving.
Veiledning
Nedsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren. Kommunen kan også på eige initiativ setje ned skatten.
Vedtaket om nedsetjing skal gjerast av formannskapet på bakgrunn av innstillinga frå skatteoppkrevjaren i saka.
Klage
Det er ingen lovfest rett til å klage. Det kan klagast på feil saksbehandling til Sivilombudsmannen. Sivilombudsmannen kan ikkje gjere om vedtaket, men kan gje medhald i at saksbehandlinga har vore feil. Får klagaren slikt medhald, skal saka tilbake til ny behandling i skatteutvalet. Du kan likevel søkje på nytt om du meiner at saka ikkje er utgreidd nok, eller at situasjonen har endra seg.