Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Skatt og økonomi / Eigedomsskatt / Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt

Beskrivelse

Eigedomsskatt blir lagt på eigedommar i kommunen. Det er dei politiske organa i kommunen som bestemmer om det skal innførast eigedomsskatt. Å krevje overtakst vil seie at ein klagar over skattetaksten. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for skatteutrekninga. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt

Vilkår

Eigedommen skal vere pålagt eigedomsskatt. Kravet må sendast til leiaren i skattetakstnemnda eller skatteoppkrevjaren innan fire veker etter at skattelista er lagd ut.

Veiledning

Krav om overtakst skal vere skriftleg og leverast til leiaren i skattetakstnemnda eller skatteoppkrevjaren.

Søknadsfrist

Fire veker etter at skattelista er lagd ut.

Overtakstnemnda behandlar krav om overtakst (klage over skattetakst).

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no