Store arrangement
Saman med Austrheim sin ungdomskontakt og ungdomsklubb blir det arrangert større arrangement for ungdommen.
I haust har det blitt arrangert tur til vannkanten i haustferien, halloweenparty, dataparty og juleball.
Tur til vannkanten
Saman reiste ein buss frå Radøy og Austrheim til vannkanten i vinterferien. Her kunne ungdommen velje om dei ville bade, bowle, stå på skøyter eller shoppe. Felles lunsj på Peppes. Kjempe flott tur.
Halloween Party

Fredag 28. oktober vart det arrangert Halloween Party på samfunnshuset på Sletta. Det var 175 ungdommer frå fleire kommunar i alderen 8 kl-2VGS. Det var spøkelsestunnel, dansekonkurranse og kåring av best kostyme. Vinnarane var Lars Christian Grindheim og Siri Isdal. Kvelden gjekk kjempe flott, ingen blei sendt heim på grunn av alkohol. Ungdommen dansa, såg på skrekkfilm på veggen og var saman med venner.Det gjekk buss til å frå arrangementet.
Dataparty
Laurdag 12 november blei det arrangert dataparty i Austrheim hallen for 8kl-2VGS. 71 ungdommer deltok. Arrangementet varte frå 20.00 til 07.00. Ungdommen spelte CS, data, wii, x-box, play station 3, eller var i aktivitet og spelte blant anna fotball.
Juleball
Fredag 9. desember var det arrangert juleball på samfunnshuset på Austrheim. 223 ungdommar frå fleire kommunar deltok. Kvelden gjekk strålandes og ungdommen hadde det moro. Her kunne ungdommen være med venner og bli kjent med andre frå forskjellige kommunar. Det var dansekonkurranse, kåring av konge og dronning, fotosession og nissen kom. Ungdomsråda i Radøy og Austrheim var med å arrangere. Dei pynta torsdagen, var vakter, og nokon stod i kiosken. Ungdommen styrte showet:) Arrangementet var rusfritt. Trygt heim for ein 50 lapp blei prøvd ut på slutten av kvelden.

Fleire arrangement er under planlegging for jan-april 2012 ( Rusfritt )
Skibuss i vinterferien. Onsdag 29.februar
UKM: Laurdag 4 februar. Kveldsarrangement etter mønstringa med diskotek. 13-20 år.
Skibuss i vinterferien. Onsdag 29.februar
Amerikansk fotballkurs og cheerleadingkurs: I Radøyhallen og utstillingshallen.
Dataparty i Austrheimhallen : laurdag 31.mars kl 15.00-03.00
Disco fever: Mandag 30 April. Natt til 1 Mai.