Ungdomskoordinatoren arbeider for å skape eit godt og trygt ungdomsmiljø saman med ungdommen. Målet er å skapa eit tilbod på fritida med aktivitetar dei ynskjer å drive med og koordinera tilbod som allerede finst. Det skal vere noko for alle. Det er viktig å skape eit sammarbeid med ulike aktørar som vil jobbe med tilltak for ungdommen, som til dømes ungdomsslag, fritidsorganisasjonar, foreldre, ungdomskoordinator i Austrheim og andre interesserte.
Ungdomskoordinatoren er også kontaktperson for ungdomsrådet i kommunen.
Det er oppretta ein aktivitetsplan med tilbod til undommen mellom 8. klasse og tredje klasse på vidaregåande. Me har prøvd ut nokre nye aktivietar, som Gøy i bassenget, open hall og filmkveldar. Saman med ungdomskoordinatoren i Austrheim, skal me laga større arrangement som tur til Vannkanten, halloweenparty, dataparty, og juleball.
For å kome med forslag til aktivitatar, informasjon om tilbod som allereie er i gang, kan de sende det på e-post. Kontakt ungdomskoordinatoren på tlf, e-post, eller facebook.