Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Kultur, idrett og fritid / Ungdommens kulturmønstring (UKM)

Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak for born og unge. Gjennom små og store festivaler, (kulturmønstringer) har du eit einestående høve til å visa fram det du driv med og til å treffa likesinna.

Radøy kommune byr inn alle mellom 10 og 20 år til å delta i Ungdommens kulturmønstring lokalt. Alle kan delta, åleine, eller i gruppe. Mønstringa er open for aktivitetar som t.d. musikk (ikkje korps/kor, men solistar), teater/revy, dans, biletkunst, kunsthandverk, opplesing, film, video, foto. Det er inga påmeldingsavgift.

Ungdommens kulturmønstring er ikkje ein konkurranse der det skal kårast ”den beste”, men ei mønstring som skal visa mangfaldet i aktivitetar, alder, interesse osv. Eit utval frå den lokale mønstringa får tilbod om å vera med på fylkesmønstringa. Vidare vil nokon få tilbod om å vera med på landsmønstringa. Dei som vert teken ut til å delta på landsmønstringa, må vera fylt 13 år.

Les meir om UKM.

Sist oppdatert: 19.08.2010
Kontakt oss

Radøy kulturkontor
Krossvegen 8
5936 MANGER
Tlf. arb 56 43 90 31/mob. 915 49 660
E-post: rune.rydland@radoy.kommune.no
Telefaks: 56 34 90 01

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no