Tilskot til lokale kulturbygg
Hordaland Fylkeskommune gjev kvart år ut midlar til kulturbygg. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift.
Les meir om ordninga, vilkår for tilskot og krav til søknader og dokumentasjon på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.
Søknader skal leverast elektronisk gjennom kulturdepartementet sitt anleggsregister
www.idrettsanlegg.no Alle bygg må ha eiga anleggsnummer for å kunna legge inn søknader i registeret og nummeret får du av Radøy kommune.
For rettleing og meir informasjon, ta kontakt med kultur- og
sørvistorget, tlf. 56 34 90 00.
Frist for innsending av søknader er sett til 15. februar 2012 i Radøy kommune.
Tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg
Lag som ønskjer å legge forholda til rette for å fremma fysisk aktivitet utandørs, kan søkje om midlar via ordninga tilskot til mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. Dette kan t.d. vere hinderløype, klatretunnel, klatrevegg, rullebrettbane, stativ for baskettball eller liknande. Sandkasser, seilebane eller disser er ikkje anlegg som kjem innanfor denne tilskotsordninga.
Det er ikkje fast søknadsfrist, og ein kan søkje gjennom heile året.
Les meir
Tilskot til anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet.
Lag som planlegg å bygge større idrettsanlegg kan søkje om tilskot via Hordaland Fylkeskommune si ordning med tilskot for ordinære idretts- og friluftsanlegg. Søknadsprosessen må gjennomførast i tett samarbeid med kommunen.
Meir informasjon om ordningane finn du på kommunen si nettside eller ta kontakt med kultur- og sørvistorget på tlf 56 34 90 00.
Les meir
Vi treng hjelp frå dykk til å halde adresselista for lag og organisasjoner oppdatert. Legg inn informasjon her