Spelemidlar til idrettsformål skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. Kommunen gjev rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv. Det kan søkjast om tilskott til
Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, partslag eller andre samanslutningar kan søkje om tilskott av overskotet av spelemidla til idrettsanlegg.
Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, velforeiningar, burettslag, partslag eller andre samanslutningar kan søkje om tilskott av spelemidlar til nærmiljøanlegg.
Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er ein føresetnad at organisasjonane gjev sine innspel i planprosessen i samband med kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet.
Alle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kulturdepartementet. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.
Søknadsskjemaet fører opp kva for vedlegg som må vere med.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i fylkeskommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kulturdepartementet er klageinstans over vedtak som er gjort av fylkeskommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223