Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Beskrivelse

Tildeling av skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel fortsetje på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det søkjast om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.

Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholholdig drikk

Målgruppe

Skjenkeløyve kan søkjast av personar eller verksemder som ønskjer å drive sal av alkoholhaldig drikk for drikking på staden.

Vilkår

Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Løyvet kan ikkje gjevast ålene, det må òg liggje føre eit serveringsløyve. Det blir kravd uklanderleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar knytt til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge ha stått i kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som er sette i alkohollova og serveringslova). Løyve blir tildelt etter skjønn.

Samarbeidspartnere

  • Vaktselskap/kontrollørar som har avtale om å utføre skjenkekontroll
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
  • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Veiledning

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkeløyve. Du må setje deg inn i regelverket før du får løyve.

Vedlegg

  • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
  • Dokumentasjon på stått kunnskapsprøve om alkohollova
  • Dokumentasjon på stått etablerarprøve
  • Dokumentasjon på styraren / avløysaren si tilknytting til verksemda
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Eventuell firmaattest

Saksbehandling

Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Forskrifter

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no