Tildeling av skjenkeløyve som gjeld anten
Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Det er normalt ikkje krav om løyve ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så sant det ikkje blir tatt betaling for drikke. Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre bestemte arrangement som til dømes festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.
Alkoholhaldig drikk er drikk som inneheld over 2,5 volumprosent alkohol. Løyvet kan gjelde
Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve.
All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.
Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skjenkeløyve.
Legitimasjon
Du må søkje i god tid før arrangementet skal vere.
Behandlingstida er om lag éi veke.
Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223