Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen. Løyvet fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Salsløyve kan søkjast av firma/personar som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk som skal drikkast utanfor salsstaden.
Sal av alkoholhaldig drikk kan berre skje på grunnlag av løyve etter alkohollova. Det blir kravd ulasteleg vandel. Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar som er knytt til salsstaden. Begge må ha stått til kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år, dei må arbeide i verksemda og dei må oppfylle dei krava som blir sette i alkohollova og serveringslova. Løyve tildelast etter skjønn.
Bensinstasjonar eller kioskar kan ikkje få salsløyve.
Du må søkje skriftleg. Kommunen vil kunne hjelpe deg med søknaden. Du må setje deg inn i regelverket før du får salsløyve.
Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.
Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Du får skriftleg melding om vedtaket.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223