Radøy bibliotek og Frivilligsentralen har dei siste åra saman arrangert datakurs. På kurset får seniorar og andre som manglar røynsle med data,grunnleggjande opplæring i bruk av datamaskinen. Ein får mellom anna søkja på Internett, læra å senda og motta e-post og innføring i enkel teksthandsaming.
Frivilligsentralen gjev og tilbod om individuell opplæring. Ein kan då få nokre timar opplæring åleine saman med instruktør. Denne opplæringa finn stad i Prestegarden.
NYE KURS
Det vart arrangert dataopplæringskurs januar/februar 2009 og 5 deltakarar var påmelde. Nye kurs vil bli haldne om der er trong for det! Kursa går vanlegvis over 6 veker. For meir informasjon, ring Radøy bibliotek tlf. 56 349110 eller mobil 47026335.
VELKOMMEN TIL DATAKURS!
Sist oppdatert: 01.06.2010