Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Kultur, idrett og fritid / Bibliotek / Nyhende / VEMODIG, VAKKERT OG VARIG!
Dikt og tonar i biblioteket

Å setje ord på det som rører seg inni eit menneske og å finne tonar til å bringe orda vidare- til slikt arbeid krevst ein kunstnars blikk.

Og kunstnar var ho, Aslaug Låstad Lygre, som for 100 år sidan vart fødd i Lindås og som i løpet av sitt kort liv, gjennom 6 diktsamlingar, rakk å skildre stemningar og røynsler dei fleste av oss framleis vil kunne kjenne seg att i!

Kunstnarar er dei óg, dei tre musikarane som måndag 25 oktober i Radøy bibliotek, gjennom song og musikk målbar dikta hennar: Kåre Håland, som har tonesett tekstane og gav dei farge gjennom eminent gitarspel, songaren og formidlaren Kjersti Wiik med si sterke men vare stemme, og Trond Fykse som gjennom piano/keybord gav songane klangbotn og dybde.

Ei flott oppleving for dei omlag tjue fremmøtte i Radøy bibliotek!

Sist oppdatert: 29.10.2010
Kontakt oss

Radøy bibliotek
Idrettsvegen 15
5936 Manger
Biblioteksjef Anne Elisabeth Waage
Tlf. 56 34 91 10/ 56 34 91 13
Mobil: 47 02 63 35
E-post: biblioteksjef@radoy.kommune.no

Sjølvbetening
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no