Kva med ein tur til hovudbiblioteket, tenkte lærarar og elevar i 7.klasse på Hordabø skule, og tok like godt turen til Manger ein torsdag i januar.
To veker seinare besøkte dei biblioteket på nytt, denne gongen mange lesaropplevingar rikare og med flotte bokmeldingar i sekken. For i skulen skal ein ikkje berre lese bøker, ein skal vurdere dei og ha ei personleg meining om dei og! Slikt blir det mykje interessant lesestoff av! Og skulle nokon ha lyst til å lesa kva ungdomane meinte om bøkene dei hadde lånt, er det berre å stikke innom i Radøy bibliotek. Der står bokmeldingane klare på hylla i ungdomsavdelinga!
Radøy bibliotekIdrettsvegen 155936 MangerBiblioteksjef Anne Elisabeth WaageTlf. 56 34 91 10/ 56 34 91 13Mobil: 47 02 63 35E-post: biblioteksjef@radoy.kommune.no