Beskrivelse
Alle kulturminne eldre enn år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn. All byggje- og anleggsverksemd kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne. Dersom du har eit slikt kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, øydeleggje, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne)så tidleg som mogleg før tiltaket blir sett i verk.
Målgruppe
Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.
Vilkår
Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje osv.
Veiledning
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha nærmare informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.
Vedlegg
Gje ei forklaring av planen/tiltaket. Tiltaket må vere omtala med både tekst og kart/teikning.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.
Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er fritt for frost og snø. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden, og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller nektar tiltaket. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette, sjå tenesteomtale "Automatisk freda kulturminna – tilskott til arkeologiske undersøkingar".
Klage
Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er 6 veker. Klaga skal sensast til Riksantikvaren, som skal vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, blir klaga sendt vidare til Miljøverndepartementet.