Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

I sommarhalvåret har me natteramnar som går i Manger sentrum fredagskveldane. Vanlegvis er dei ute mellom kl. 21 og 24, når det er ungdomsklubb på ”Solvang.”

Basen for natteramnane er Prestegarden.
Natteramnane er ei gruppe pålitelege, vaksne menneske som har som formål å arbeide for:

  • å gjera Radøy til ein trygg stad for alle.
  • å utvikla naturleg kontakt mellom ungdom og vaksne.
  • å førebyggja bruk av rusmiddel.
  • å førebyggja vald, skadeverk, vinningsbrotsverk.
  • å bevisstgjera innbyggjarane i kommunen om at det er naturleg å melda frå om straffbare forhold

Ta kontakt med Frivilligsentralen om du ynskjer å få meir informasjon om natteramnane. Me treng fleire!

Du kan følgje denne linken for meir informasjon om Natteramnane


Sist oppdatert: 06.09.2009
Kontakt oss
Frivilligsentralen
Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 MANGER
Kontor: 56 34 90 30
Mobil:   952 83 922
frivilligsentralen@radoy.kommune.no
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no