Under Frivilligsentralen sitt årlege førjulstreff på Smiths Møte og Selskapslokale fredag kveld, vart frivilligprisen for 2008 delt ut.I år gjekk frivilligprisen til Jakob og Kirsten Helland for stor innsats gjennom menge år.
Frivilligprisen 2008
Frivilligprisen skal me i dag dela ut.
valget det enda på dekå til slutt.
Når det no skal seiast, me likar de to,
fordi de er både snille og god.
Eit par av dei skjeldne, da kan me vel sei,
skjelden og aldri så seier de nei,
er alltid hjelpsom og grei.
Tar vare på alle store og små.
Er lette å spørja når turen skal gå.
Bussen han køyrer med stødig hand,
unge eller gamle, er det same for han.
Alltid kjem me trygt fram, om turen er kort eller lang.
De sagar ned trea, lagar til ved.
Når vinteren kjem, har de han klar,
til dei som vedfyring har.
Ingen skal frysa, ta deg ein sekk,
å vea syns me berre er kjekt.
Så set de å strikka å syr,
gevinstar det har de på lur.
Bilder og lestar de lagar i lag,
til glede for oss som lodda tar.
Bakar, saftar og syltar de gjer,
då delar de ut, å andre gler.
Ein lappe med syltetøy, da er godt.
Tenk de stakk innom-
Er da kje flott?
Det skal de veta frå alle oss her.
Me set pris på dekå, for alt som de gjer.
Det er ikkje få gjennom året de gler.
De er ikkje dei som stikk dekå fram,
de set her no berre som kone og mann.
Kirsten og Jakob kan no komme fram.
Naboprisen den har de fått,
Dette er ei takk i frå bygdefolket,
for alt som de gjer for oss.