Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Prisvinnarane - frivilligprisen 2010
På julefesten til frivilligsetralen onsdag, vart Radøy kommune  sin frivilligpris for 2010 delt ut. Prisen gjekk denne gongen til Jolaug Hellesund og Gunvor Grindheim.

Jorlaug Hellesund er 83 år. Ho har sidan 1950-talet drive med søndagsskule. Dette arbeidet held fram heilt til det ikkje var fleire born att i krinsen og søndagsskulen vart lagt ned. Det var i 2005. Jolaug har også vore med i styret for krinsen sitt bedehus i ei årrekkje og har lagt ned mykje arbeid der.

Jolaug har ”eit stort hjarta” og ei utruleg evne til å visa

omsorg for alle menneske. Særleg for dei eldre naboane sine. Fleire gonger i veka, år ut og år inn, har ho gått på besøk og sett etter at eldre, einsame naboar, har fått det dei treng både av mat og omsorg. Jolaug slit litt med eiga helse for tida, med det hindrar ikkje henne til å ringja rundt for å høyra om alt står bra til med naboane.

Jolaug  er ein ein person som ikkje stikk seg fram, men arbeider i ”det stille”.

Gunvor Grindheim har arbeidd for Frivilligsentralen sidan hausten 1992. Det var då Frivilligsentralen starta opp med middagskjøring. Gunvor kjørte Bø-ruta og har sidan vore ”fast frivillig” på denne ruta.

Ho var også aktivt med i prosjektet som Radøy LHL og Frivillisentralen hadde med stønad frå Helse og Rehab. Framleis er Gunvor aktivt med både i seniordansen, onsdagane på velferdssenteret og elles i det frivillige arbeidet. 

Me vil først og fremst framheva henne som ein god og stabil middagskjørar i alle desse 18 åra ho har kjørt.

Sist oppdatert: 17.11.2011
Kontakt oss
Frivilligsentralen
Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 MANGER
Kontor: 56 34 90 30
Mobil:   952 83 922
frivilligsentralen@radoy.kommune.no
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no