Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle

Fredag 14. desember hadde Frivilligsentralen i Radøy førjulsfest for dei frivillige. På Smiths møte og selskapslokale var det møtt opp ca 90 gjestar til god underhaldning, song og julebufè. Denne kvelden vart det også delt ut frivilligpris, som i år gjekk til Bjørn Harald Bendiksen og Olav K. Morken.

Det er åttande året denne prisen på Radøy vert delt ut. Om årets vinnarar er det mellom anna sagt at:
 
Bjørn Harald Bendiksen, driv Rockeverkstaden på frivillig basis. Mange av deltakarane frå Radøy som er med på kulturmønstringa kjem nettopp frå Rockeverkstaden. Dette er eit gratis tilbod til alle som vil, og er lagt til kveldstid. Me veit ikkje kor mange kveldar for veka Bjørn Harald er med, men det er grupper her som øver stort sett kvar kveld, også i helgene. I tillegg får dei som er sjølvhjulpne spele i matfriminutta i skuletida også. Her er grupper av ungdomar i alder frå 8.klasse til ferdig på vidaregåande skule, og nokre har nådd eit særs høgt nivå.
 
Bjørn Harald var også med i Frivilligsentralen på 90-talet. Han arbeidde som frivillig  når me hadde helgeseminar med aktivitetar for ungdomen. Han gjer ein kjempeflott frivillig innsats til born og unge i Radøy.
 
Olav K. Morken som er den andre prisvinnaren, om han er det sagt at han har vore frivillig i sentralen sidan 1993. Han var ein av dei første som var med og bringe rundt middagar i kommunen og han er framleis aktiv som middagsjåfør.
Han har også delteke i Manger Musikklag over lang tid, og var med og drog i gang  Manger skulemusikklag som han og sat i styret for. Ungdomsarbeid er heller ikkje ukjent for Olav, både som medlem og i styret har han vore aktiv.
 
Som den kulturpersonen han er, var det naturleg at han også er engasjert i sogelaget på Radøy og då DNGTO hadde si glanstid på radøy med både barnelosje og storlosje, var Olav og med i det frivillige arbeidet kring disse.
Har og vore ein stabil hjelpar på Bogatunet. Guide for gjestar som har vitja bogatunet under kystsogeveka og når barneskulane har vore på besøk ,har han og stillt opp som støttespelar. Olav K. Morken er også ein verdig vinnar for frivilligprisen 2007.
 
Styret for frivilligsentralen vil med disse prisane takka for alt dei har gjort for innbyggjarane, og spesielt den gleda og omsorgen dei har vist for dei unge og eldre i kommunen.
 

Sist oppdatert: 18.12.2007
Kontakt oss
Frivilligsentralen
Mangersnesvegen 2 (Gamle prestegarden)
5936 MANGER
Kontor: 56 34 90 30
Mobil:   952 83 922
frivilligsentralen@radoy.kommune.no
Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no