Radøy kommune har eit rikt kulturliv, noko som gjorde at kommunen i 2004 vart kulturkommune i Hordaland. Radøy vart samstundes Hordaland fylke sin kandidat til årets kulturkommune i Norge i 2005.
Kommunen kan tilby mellom anna musikk- og kulturskule, bibliotek og symje- og idrettshall. Me har jamleg besøk av bygdekinoen, og det er elles mange arrangement innan eit breidt spekter av tema. Kommunen har mange kulturminne, og kulturminnevern er ei høgt prioritert oppgåve.
I 2011 vart det vedteken ein kulturplan for 2011-2020.
Radøy kommune er stolt av å ha nesten 100 aktive lag og organisasjonar innan mange ulike interesseområde.
Her finn du informasjon om dei tenestene kommunen kan tilby innan kulturfeltet, og om kulturlivet i kommunen elles.
Sist oppdatert: 09.02.2012