Beskrivelse
Følgjebeviset er eit kort som blir skrive ut til den funksjonshemma. Følgjebeviset skal gje den som følgjer den funksjonshemma, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og visse transportmiddel.
Vilkår
Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om vedkommande mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.
Samarbeidspartnere
Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.
Brosjyrer
Statens råd for funksjonshemmede har informasjon om ordninga.
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjebevis.
Vedlegg
Passfoto skal leggjast ved.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Dersom det er bruk for det, kan det innhentast fråsegn frå anten fastlege, legespesialist, offentleg godkjend helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen om den funksjonshemma sitt behov for følgje.