Beskrivelse
Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta og tilbyr gratis behandling til prioriterte grupper. I tillegg får 19- og 20-åringar tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar.
Målgruppe
Den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit regelmessig og oppsøkjande tilbod til desse prioriterte gruppene:
- Barn og ungdom frå fødselen til og med det året dei fyller 18 år
- Psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon
- Eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og heimesjukepleie
- Ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
I tillegg har rusmisbrukarar under kommunal rusomsorg rett til gratis tannbehandling.
Pris
For dei tre første gruppene er tenesta gratis. Kommunen kan gje stønad til tannbehandling (etter sosialtenestelova) for dei som ikkje kan sørgje for livsopphaldet sitt. NAV Trygd har eigne reglar om stønad til tannbehandling ved sjukdom.
Veiledning
Fell du inn under dei prioriterte gruppene, treng du ikkje søkje om tenester. Fylkeskommunen skal vere oppsøkjande. Gi melding dersom du eller barna dine ikkje blir følgde opp. Ta kontakt med kommunen for støtte til tannbehandling etter sosialtenestelova. Ta kontakt med NAV Trygd for stønad til tannbehandling i samband med sjukdom.
Klage
Den som ikkje får hjelp slik tannhelsetenestelova bestemmer, kan klage til fylkeskommunen. Går avgjerda mot klagaren, eller blir klagen avvist, kan ein klage avgjerda til Helsetilsynet i fylket.