Radøy kommune har 3 faste fysioterapeutar og ein turnuskandidat.
Du finn oss på:
Helsehuset på Manger tlf. 56 34 90 99 opningstid allle kvardagar frå 08.00-15.00.
Velferdsenteret på Manger tlf: 56 34 91 98 opningstid 08.00-15.00 mandag, tysdag og torsdag.
Fysioterapeutane kan tilby:
Vurdering og behandling/trening etter rekvisisjon frå lege
Førebygjande tiltak
Hjelp til søknad om tekniske hjelpemiddel
Hjelp til tilrettelegging i heimen
Vi prioriterer følgjande pasientgrupper:
1: Dei som treng paliativ omsorg og lindrande behandling
2: Spebarn
3: Lungepasientar, nye slagpasientar og andre alvorlege diagnoser der tid kan vera avgjerande for resultat
4: Barn i førskule-/småskulealder med forsenka motorikk eller andre problem. ( Må vurderast i kvart einskild tilfelle).
5: Opptrening etter kirurgiske inngrep eller alvorlege skader på ledd og muskulatur.
6: Barn og ungdom i barne/ungdomskulen
7: Gravide
8: Kroniske muskel/skjelettplager eller nevrologiske skader som i stor grad er hemmande i dagleglivet.
Vi har tett samarbeid med anna helsepersonell samt tilsette i skule og barnehage.
Det er i tillegg også to private institutt i Radøy:
Bøvågen fysioterapi tlf. 56374399
Manger fysioterapi tlf. 56371150.
Desse prioriterer andre pasientgrupper.
Treng du å låne barnekrykker for ein kortare periode kan du kontakte fysioterapeutane på helsehuset. Dersom vaksne treng krykker, kan ein kjøpe desse for kr 170 pr stk. Ein sel og ispigg til stav/krykker kr 65 pr stk.
Link til side om hjelpemiddel
Link til Takstar og takstbruk