Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du er misnøgd med den hjelpa du har fått på sjukehuset eller av den kommunale helse- og sosialtenesta. Ta òg kontakt dersom du meiner at du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande eller du treng rettleiing. Ombodet kan gi deg informasjon om rettane dine, hjelpe deg med å formulere ei klage eller vidaresende klaga di til rett adressat.
Pasient- og brukarombodet har teieplikt og er sjølvstendig og uavhengig.
Alle kan vende seg til pasient- og brukarombodet, uavhengig av om dei mottar sjukehusbehandling eller kommunale helse- og sosialtenester.
Arbeidsområdet til pasient- og brukarombodet er statlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester. Unnateke er økonomiske ytingar etter sosialtenestelova (kap. 5 og 5A) og miljøretta helsevern etter kommunehelsetenestelova (kap. 4A).
Hjelpa er gratis.
Meir om ordninga finn du i lenkja under. Der finn du òg kontaktinformasjon til pasient- og brukarombodet i fylket ditt.
Ta kontakt med pasient- og brukarombodet i fylket ditt. Du kan vende deg dit anonymt dersom du ønskjer det. Ombodet gir deg råd om kva du bør gjere, men du avgjer sjølv om du vil gå vidare med saka di.
Pasient- og brukarombodet avgjer sjølv om framlegget ditt gir tilstrekkeleg grunn til å behandle saka. Dersom ombodet veljer å ikkje gjere noko med saka, skal du få ei kort grunngiing for kvifor.
Radøy kommuneRadøyvegen 16905936 MangerTelefon: 56 34 90 00Faks: 56 34 90 01E-post: postmottak@radoy.kommune.noSMS: send RADØY + di melding til 2223