Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Sjukeheimar / Sjukeheim - langtidsopphald

Beskrivelse

Dei som ikkje får dekt det daglege behovet sitt for pleie og omsorg i heimen, kan søkje om langtidsopphald på sjukeheim.

Målgruppe

Dei som ikkje får dekt det daglege behovet sitt for pleie og omsorg i heimen eller i omsorgsbustad.

Vilkår

Søkjaren må ha behov for langtidsplass i sjukeheim. Mange kommunar har laga supplerande inntaksvilkår.

Pris

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan for eksempel vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine grundigare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Ved tildeling av plass må hjelpebehovet du har, gå fram av vedtaket. Eit avslag skal vere grunngjeve.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.

Annet

Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no