Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Sjukeheimar / Sjukeheim - avlastingsopphald

Beskrivelse

Dette er ei tidsavgrensa avlasting for personar som har omsorgsoppgåver i heimen. Personen som til vanleg mottek hjelpa heime, får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.

Målgruppe

Omsorgsytarar som har "et særlig tyngende omsorgsarbeid". Moment som ein kan ta omsyn til, er

  • om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesømn
  • om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om det er snakk om omsorg for meir enn éin person

Vilkår

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen.

Pris

Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlastingsopphald. Du kan få hjelp til å fylle ut skjemaet ved å vende deg til kommunen. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om avlastingsopphald.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla fortløpande.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Hvis vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Kontakt oss

Velferdssenteret
Idrettvegen 2
5936 Manger
Tlf: 56 34 91 90
Fax: 56 34 91 92

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no