Beskrivelse
Omsorg og respekt for kvart einskilt menneske er viktige føresetnader for tenester til uhelbredeleg sjuke og døyande menneske. Pasienten må få eit tilbod som er slik at den siste tida kan bli opplevd som meiningsfull. Pasienten må mest mogleg få leve slik han/ho ønskjer det. Det pasienten og dei pårørande ønskjer, skal ha mykje å seie ved avgjerda om pasienten skal vere i heimen eller i institusjon i livets sluttfase. Dersom den sjuke er heime, må pasienten og dei pårørande få tilstrekkeleg opplæring i bruk av medisinar, smertepumpe eller andre hjelpemiddel.
Pasienten har krav på å få informasjon om personar i helsevesenet dei kan kontakte når det måtte vere nødvendig.
Målgruppe
Pasientar med uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.
Vilkår
Pasienten har uhelbredeleg sjukdom og kort forventa levetid.
Brosjyrer
Sjå også NOU-en frå Helse- og sosialdepartementet: Livshjelp Behandling, pleie og omsorg for uhelbredelig syke og døende
Søknadsfrist
Saker blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Tenester i heimen blir tildelt som vedtak om heimesjukepleie. I tillegg kan det ver aktuelt med hjelp frå spesialisthelsetenesta. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.