Beskrivelse
Omsorgslønn skal gje ein viss økonomisk kompensasjon til personar som har omsorgsarbeid, og stimulere dei til fortsatt å yte ein innsats.
Målgruppe
Omsorgsytarar, oftast nære pårørande.
Vilkår
Omsorgsytaren må ha «eit særleg tyngjande omsorgsarbeid». Moment som kan takast med i vurderinga, er
- om søkjaren arbeider mange timar om månaden med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
- om fordelinga over tid; om det skjer i periodar eller heile tida
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
- om det er snakk om omsorg for meir enn éin person
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgslønn. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgslønn.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandling
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Klage
Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan påklage avgjerda. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare Fylkesmannen.