Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Dagtilbod - aktivitetstilbod

Beskrivelse

Tenesta er eit tilbod til menneske som bur heime og som kan ha behov for
  • å kome seg ut av eit isolert tilvære heime
  • aktivisering og rehabilitering
  • avlasting for pårørande

Målgruppe

Heimebuande eldre, psykisk utviklingshemma, funksjonshemma, personar med psykiske lidingar o.a.

Vilkår

Heimebuande utan alternative tilbod.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om dagopphald.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon andre som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje er gjort eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no