Hopp til innhold
 
kommunenåpen
Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle
Du er her: Framsida / Tenester til deg / Helse og omsorg / Avlasting

Beskrivelse

Ein kan få avlasting både i og utanfor heimen. Det kan for eksempel vere heimehjelp for å avlaste den som elles har "særlig tyngende omsorgsoppgaver" i heimen, eller det kan vere avlasting utanfor heimen - for eksempel ein dagsenterplass eller eit avlastingsopphald på sjukeheim. Avlastinga er meint å

  • gjere det mogeleg å ta del i samfunnet på normalt vis
  • hindre utmatting
  • gjere det mogeleg å reise på feriar
  • gi rom for normal fritid
  • gi tid til å verne om familierelasjonar og sosialt nettverk

Målgruppe

Dei som gjev omsorg for eldre, funksjonshemma eller andre pleietrengande, både frivillige omsorgsytarar og foreldre med omsorgsplikt.

Vilkår

Ein som treng avlastning, skal ha eit særs tyngjande omsorgsarbeid. I tillegg reknar ein med at den omsorgstrengande har eit behov som gjev rett på sosiale tenester, det vil seie at vedkommande ikkje kan dra omsorg for seg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren avgjer kva for tenester ein skal gje, under dette avlasting. Moment ein kan ta omsyn til, er:

 

  • om søkjaren arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg 
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om fordelinga over tid; om omsorgsarbeidet skjer i periodar eller heile tida
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
  • om det er snakk om omsorg for meir enn éin person

Pris

Tenesta er gratis.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein reknar med at vedtaket vil bli gjort.

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil omsorgstenesta kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Både omsorgsgjevaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt til Fylkesmannen, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Annet

Kontakt oss

Radøy kommune
Radøyvegen 1690
5936 Manger
Telefon: 56 34 90 00

Faks: 56 34 90 01
E-post: postmottak@radoy.kommune.no
SMS: send RADØY + di melding til 2223

Les meir

 
tips nokon om denne sida Tips nokon om denne sida
Radøy kommune, Radøyvegen 1690, 5936 Manger | Telefon: 56 34 90 00 | Telefaks: 56 34 90 01 | postmottak@radoy.kommune.no